Ved å kjøpe fjelltrimkart kan ein vere med på å vinne gåvekort og samstundes støtte Haddal idrettslag. For å delta må du kjøpe eit fjelltrimkart. Fjelltrimkart får du kjøpt med styret i Fjelltrimmen, på Sport1 Ulsteinvik, Intersport Hofseth eller via Instagram/facebook til Fjelltrimhaddalil. Når du har kjøpt kartet, ser du årets turmål. I år har vi 20 forskjellige postar fordelt utover på Søre Sunnmøre. Vi i Fjelltrimmen har i år også prøvd å legge opp til at dei fleste turane kan kombineres med StikkUt! På dei forskjellige turmåla finn du eit skilt fra Fjelltrimmen Haddal IL.

I år har Blåtind fotografik levert nytt design og profilering av nye skilt. På kvart skilt finn du eit stedsnavn fra Haddal, Eiksund og Garnes. Dette navnet noterer du på kartet ditt. På skiltet finn du også q’er koda til instagrammen vår. Dei som deltek har ulike måtar å vinne gavekort på, mellom anna har vi ei fotokonkurranse der det beste bildet blir premiert. For å delta på denne konkurransen må en dele bilde på Facebook sida eller instagramkontoen med #fjelltrimhaddalil. Det vil i år også bli arrangert Garnestua opp. Som tidligare år er dette eit sponsorløp i samarbeid med hovedsponsoren til Haddal IL, Sparebank 1 SMN. Etter løpet inviterer vi til premiering og kafé på klubbhuset på stadion. Garnestua opp er eit arrangement for ALLE, ikkje kun for medlemmar av Haddal IL - så dette er ein invitasjon til ALLE. Dato for løpet kjem vi tilbake til, men det blir i løpet av hausten. God tur og følg oss gjerne på Fjelltrimhaddalil.

Anniken Aurvåglid Leiar